Forlaget skriv om denne boka:
I Der har vi deg, ja møter vi ei rekkje karakterar som slettes ikkje er så sikre på kvar dei har kvarandre.
I England ein stad står ein mann og ventar på taxien sin og må til slutt gå i møte. Ein mann med ryggplager oppsøkjer ein fysioterapeut, som kjem i skade for å løyse opp tungebandet hans óg. I novella «3. person» ligg ein fjerde person og lurar i kulissane, det meiner i alle fall hovudpersonen, som begynner å spionere på kona si for å finne ut om det er hald i mistanken.
Det handlar om omvegar og snarvegar, om blindvegar og utvegar. Om menneske som møter seg sjølv i døra, eller vel å hoppe ut vindauget i staden.