Vekevis er ei morosam og sprek historie om ei jente som har fått ein fiks idé om å skrive ein erotisk roman.
Men så oppdagar ho - på ein tur med danskebåten - at ho er gravid. Då vert det plutseleg bryllaup og oppussing av leilegheit. Og ettersom magen veks, vert dette med den erotiske romanen litt vanskelegare å gjennomføre.
Dette er ei ny bok i serien Litt-å-lese, tilrettelagt for lesesvake voksne.