BAND II AV EDVARD HOEMS store Bjørnson-biografi begynner da Bjørnson med familie flytter inn på Aulestad i 1875. På nokre hektiske månader rustar han garden kraftig opp og dyrkar eit intenst vennskap med folkehøgskolefolket på Vonheim, men før vinteren er over innser han at vennene er av eit anna slag enn han, og garden for stor for hans økonomiske evner. Snart er Bjørnson inne i ei religiøs krise som fører til radikal omvurdering av alle tidlegare standpunkt, og vi følgjer han gjennom sytten års strid mot kristelege dogme og i ein politisk kampanje som endar med å utløyse embetsmannsstatens undergang i Norge.
På Aulestad og i utlandet utfaldar han eit enormt brevskifte med ei lang rekke kjende kvinner og menn, svolten som han er på å skaffe seg vennskap og alliansar. Han blir intenst opptatt av Georg Brandes, Amalie Skram, Alexander Kielland, Ole Richter og mange andre. Men det bråskiftande sinnet hans og dei beinharde politiske slaga fører rett som det er til konfliktar som i mange tilfelle blir uopprettelege. Da Richter blir norsk statsminister i Stockholm, blir Bjørnson hans sjelesørgar og fortrulege, og da dei politisk kjem på kant med kvarandre, blir utgangen tragisk for Richters vedkomande. Trekantoppgjeret mellom Richter, Bjørnson og Johan Sverdrup er eit av dei mest nådelause oppgjer i norsk politisk historie.
I opinionen er Bjørnsons popularitet også skiftande, men det er meir enn tretti tusen menneske som ønsker han velkomen tilbake til Kristiania etter fem års opphald i Paris.