Forlaget skriver om denne boka:
Marina Tsvetajeva (1892-1941) var ein einsam fugl i russisk poesi. Ho hørte til generasjonen som revolusjonerte ikkje berre samfunnet, men òg lyrikken: symbolistane, futuristane, akmeistane.
Tsvetajeva tok aldri del i desse litterære grupperingane, men må likevel reknast blant dei aller fremste modernistane i den russiske poesien og dermed i verdspoesien.
I 1922, nokre år etter at den eine dottera døyr av svolt i ein barneheim, forlèt Tsvetajeva Sovjetunionen. Ho buset seg i Berlin, Praha og Paris. Gradvis blir ho meir marginalisert i det litterære eksilmiljøet, men held likevel fram med å skrive. I 1939 vender ho tilbake til Sovjetunionen, der den andre dottera blir arrestert og ektemannen avretta for spionasje. Sjølv tar ho sitt eige liv i 1941.
Tsvetajeva var ein fornyar av det poetiske språket. I etterordet til denne boka - som er første gong Tsvetajeva kjem på norsk - skriv gjendiktar Jo Eggen at «jo vanskeligare ho blir å gjendikte, desto meir spanande blir ho som diktar».
Dmitrij Sjostakovitsj og Sofia Gubaidulina er blant komponistane som har tonesett poesien hennar, og den russiske nobelprisvinnaren i litteratur Josif Brodskij har sagt om henne: «Tsvetajeva er det unike tilfellet der ein epokes mest sublime åndelige erfaring ikkje tente som mål for det poetiske uttrykket, men som middel, og såleis blei forvandla til kunst.»