«Hva ved de om mig alle disse som tror sig berettiget til at holde Tale for mig fordi jeg har danset lidt med nogen Ungdommer og især fordi jeg er Garborgs Kone? Ingenting.»
HULDA GARBORG 1862-1934) tok oss på kornet i dagboka si. I Noregs lagnadstime som ny, sjølvstendig stat ville ho gje heile seg for å skapa eit nytt Noreg, med norske røter, men i Europa. I denne rikt illustrerte biografien fortel historikar og journalist Arnhild Skre om alt det andre Hulda Garborg også var: Populær dramatikar og ein produktiv omsetjar med stort eige forfattarskap og omfattande journalistisk produksjon. Ho var ungdomsidol, forstadsbohem, kosthalds- og livsstilsreformator. Dessutan bunadsoppfinnar, husflidsgründer, grunnleggjar av Det Norske Teatret og ein av dei mest bereiste og samtidsorienterte kulturarbeidarane landet har sett. Slik blei ho ein utrøytteleg opposisjonell som kunne skjelva for småting i unge år, men som i vaksen alder tålte den beinharde norskdomskampen best av alle.
Biografien fortel også nært og usminka om Huldas krevjande og ukonvensjonelle samliv med Arne Garborg, ein av landets mest framståande forfattarar.