Forlaget skriver om denne boka:
Denne strålande diktboka
gir lesaren ei unik kjensle av å vere med inn i det umiddelberre, til ei verd der erfaringar, minne, observasjonar og opplevingar blir sett ord på.
Juliane Rui skriv fram ein levande lyrikk, som prøver seg fram, nøler, lyttar, og går vidare, i eit rom som utvidar seg for kvar lesing. For dei flotte, overraskande formuleringane og dei slåande bilda vil garantert få lesaren til å vende tilbake til boka og til å gle seg til resten av denne spennande forfattarskapen.
Juliane Rui (f. 1982) kjem frå Vestfold og Telemark, og bur for tida i Bergen. Den hesten er av snø er den første boka hennar.