Forlaget skriver om denne boka:
I krigen sjølv var det mangel på ord.
Lyd hadde han nok. Det var sumpe lydar. Korte og lange.
Mor sa: «Så mange vonde lyda' i krigen.»
For meg var det ein lyd, ein helt bestemt og forferdeles lyd. Det var ei buldrane brumming som steig og fall.
Vi kunne stundom sjå. Men det var ikkje synet, det var lyden. Den djupe, intense brumminga.
Og vi sprang.
I Oskar Stein Bjørlykkes nye roman møter vi Erling Ollset,
som veks opp med foreldra sine i Havneid, dit dei har flytta for at faren skal arbeide som lærar.
Vår tid er både ei familiehistorie og ei tids- og miljøskildring, der vi får ei original framstilling av norsk okkupasjons-tid og tidleg etterkrigstid.
Boka viser fram eit stort persongalleri, men i sentrum står familien på tre, ungguten Erling og foreldra hans. Og dessutan Annis, venen til Erling.
Vår tid er ei poetisk og klok bok om å vere til stades i verda, på godt og vondt.