Lovart Litlevåg går mest for seg sjølv, les teikneseriar om cowboyar og indianarar, lyttar til Hank Williams og drøymer om Amerika. Lea Konstanse Kipevik bur på ein holme saman med foreldra og held seg i hønsegarden når ho treng selskap. Kvar dag slår dei følgje med kvarandre til skulen, men utan å veksla eit ord. Dei er einsame og annleis. Ho vil vera som dei andre, han vil helst vera ein annan. Men han har ei songstemme som får folk til å gråta, og ho gjer forretningar med ferske egg og gamle oppskrifter. Slik opnar livet og verda seg på ein ny måte, med mykje musikk både på og mellom linene. Syng meg heim! er ei frodig, nostalgisk og poetisk kjærleikserklæring til musikken, ein lun, gripande og vemodsmunter vestlandswestern om havet, døden og kjærleiken og om å komma heim. Atle Hansen (f. 1954 i Mosterhamn) er forfattar, visesongar og journalist. Han er busett på Stord og har gitt ut 15 bøker og fleire plater. Atle Hansen har òg vore journalist i lokalavisa Sunnhordland sidan 1987. Han fekk Vinjeprisen for nynorsk journalistikk i 1996.