Denne boka byggjer på ein artikkelserie, skriven for vekeavisa Dag og Tid. Forfattaren, Jon Hustad, har reist gjennom fleire europeiske land - Hellas, Tyskland, Italia, Island og Irland - for å dekkja finans- og eurokrisa. I artiklane ser han nærare på årsakene til at vi fekk den store økonomiske krisa, og kva som kan gjerast for å koma ut av henne.
Gjeldsslaven Europa. Ein guida tur i finansielle ruinar er ein historisk dokumentasjon og vil gjera at eurokrisa - som er lite dekt og forstått i Noreg - no kan verta betre kjeldelagd. Jon Hustad gjev med dette eit naudsynt bidrag til vår tids kan henda viktigaste debatt.