Det er ingen i Barcelona-gjengen som liker å stå i mål, men ingen hatar det så mykje som Aleksander. No er det hans tur igjen, sjølv om dei tapte 7-0 sist han måtte vere keeper... Denne gongen har trenaren henta inn eksperthjelp til treninga. Kan Keeperkongen lære Aleksander å ta ballen med hendene?
Dette er den tredje boka om Barcelona-gjengen. Dei speler for Komet I.L., men under dei kvite Komet-trøyene har dei alltid Barcelona-drakter. Og det er dei spanske toppspelarane som er heltane deira, ikkje femtedivisjonsspelarane på Komet sitt A-lag.