JOURNALISTANEHalvor Folgerø og Finn Tokvam har teke med forfattaren Ragnar Hovland på ei reise til Berlin.
Det har blitt ei bok full av rystande avsløringar om den no 60 år gamle forfattaren. Ragnar Hovland var uvanleg redd for vind som barn, har aldri gått framhaldsskule, er god i stille lengde, men svak i høgde. Hovland har vore med på ei kidnapping, har tent eit par hundre tusen på ein hylande gris, blir meir lettrørt med åra og prøver å bli mindre hovlandsk for kvar bok. Her blir det avslørt kven Hovland hadde i tankane då han skapte den litterære figuren Per Waglen. Ønskjer du fleire avsløringar, bli med tre mørkkledde menn inn på kafeen Zur Rose i det tidlegare Aust-Berlin.
Boka inneheld òg ei rekkje upubliserte tekstar av Ragnar Hovland.