Ei elv, ein skog, ein kunstmålar, to husvogner og ei rad oppgjer med fortida. Det er ramma kring Gyrðir Elíassons «pastoralsonate» om mennesket mellom natur og kultur. Forteljinga min-ner om Henry David Thoreaus Walden og Edward Abbeys Desert Solitaire under Kwang Tzes motto: «Alle kjenner nytten av det gagnlege, men ingen skjønar nytten av det gagnlause.»
Samspel mellom melankoli og audmykt gjev ofte grunntonen i islandsk dikting. Knapt nokon stad kling han klårare enn i Gyrðir Elíassons kvardagsnære, men tvibotna lyriske prosa med utsyn frå høgare leite mot det som tyder mest i livet og kunsten. Hans språk-lege minimalisme har rom for både spøk og spøkeri.