Store tema og opprivande hendingar blir behandla med overskot og eleganse, humor og djup innsikt i denne diktsamlinga.Urd handlar om Seselja og Cecilie, to kvinner i kvar sin ende av det tjuande hundreåret. Boka fortel også historia om det vesle huset på garden i vest som knyter dei to skjebnane saman, om tida som renn gjennom landskapet og menneska, om barn som blir fødde og døden som vitjar.I 2005 markerte Ruth Lillegraven seg som ei ny og frisk stemme i norsk litteratur med diktsamlinga Store stygge dikt. «Debutantdikt til terningkast seks», skreiv kritikarane. Hausten 2013 er ho tilbake med ei ny samling. Dette er dikt. som få gjer etter henne, der store tema og opprivande hendingar blir behandla med overskot og eleganse, humor og djup innsikt......
Store tema og opprivande hendingar blir behandla med overskot og eleganse, humor og djup innsikt i denne diktsamlinga.
Urd handlar om Seselja og Cecilie, to kvinner i kvar sin ende av det tjuande hundreåret. Boka fortel også historia om det vesle huset på garden i vest som knyter dei to skjebnane saman, om tida som renn gjennom landskapet og menneska, om barn som blir fødde og døden som vitjar.
I 2005 markerte Ruth Lillegraven seg som ei ny og frisk stemme i norsk litteratur med diktsamlinga Store stygge dikt. «Debutantdikt til terningkast seks», skreiv kritikarane. Hausten 2013 er ho tilbake med ei ny samling. Dette er dikt som få gjer etter henne, der store tema og opprivande hendingar blir behandla med overskot og eleganse, humor og djup innsikt.