Dette er eit langdikt i ti delar, skrive frå mars til mai 2020, ein tid som innebar ei omvelting for alle. Verda blei reinare og klarare, men òg mindre. Nokon fekk mindre tid, mens andre fekk meir. Ein måtte omstille og tilpasse seg, vaske hender, halde avstand, samtidig som ein lengta etter at livet ein dag kunne gå tilbake til slik det var. Forteljinga gjer sprang til framtida, tilbake i historia, og ut i naturen. Ruth Lillegraven har tidlegare verte tildelt Brageprisen og Bokbloggernes åpen klasse-pris for diktsamlinga 'Urd' (2013). Omtalen er utarbeidd av BS.