Karoline har alt, ein kjærleg mann, to born og ein veksande forfattarskap. Likevel drøymer ho jamnleg om å miste det heile og begynne på nytt. Når ungdomsveninna Pia inviterer henne til skrivedagar i København, tenker ho at dette kan i det minste vere ein smak av det. Ein smak av fridom. Men Pia definerer ikkje fridom på same måte. Og kva er eigentlig lukke?