Den greske poeten Jannis Ritsos (1909-1990) har skrive ei diktsamling med bakgrunn i sine røynsler frå motstandskamp mot tyskarane og seinare juntaen. Ritsos vart fengsla og forvist som følgje av handlingane sine, derav tittelen «Vitneutsegner». Dikta er vitnesbyrd om både politiske og eksistensielle sanningar. Dei målber ein kamp for livet vi alle lever. Dette er første gong eit komplett verk av Ritsos blir gjendikta til norsk.