I denne diktsamlinga blir lesaren med til eit draumeaktig landskap. Her etablerast ei enkel scene med to hus i ein skog ved havet, og to naboar i desse husa. Men grensene uklåre - mellom dyre- og menneskeliv, årstider, draum og røyndom. Ord og setningar brytast ned og blir bygde opp på heilt nye måtar. Dette er Veronika Erstad si første bok.
I denne samlinga blir vi tekne med til eit draumeaktig landskap der ei enkel scene blir etablert: To hus i ein skog ved havet, og to naboar. I denne geografien blir identiteten sett på prøve - både for eg-et, naboen, dyreriket og verda omkring - når dei ulike posisjonane gjennomgår stadige forskyvingar. Grensene mellom årstider, dyre- og menneskeliv, draum og røyndom er flytande, ord og setningar blir brotne ned og bygde opp på nye måtar. Gjennom variasjonar, speglingar og brotstykke blir det skapt ei uro og eit intenst nærvær. Erstads dikt har ein heilt særeigen tone, og dei vil halde på merksemda til lesaren fram til siste side.