Skammardottera Dina og storebroren Davin er tilbake i byen Dunark, der alt begynte. Den vonde fyrst Drakan, som ein gong prøvde å kaste sjølve Skammaren til drakane, har tilrana seg makta her. Drakan er det einaste totalt skamlause mennesket Dina har møtt, og mange skremmande ugjerningar blir utførte i hans namn. Eit opprør mot Drakan må kome, og den som peikar seg ut til opprørsleiar er hans eigen halvbror Nico, Dinas venn. Han er den rettmessige arvingen til Dunark. Men Davin og Dina vil ikkje la Nico kaste seg ut i ein så farefull strid utan hjelp, og slik startar Skammarkrigen, det siste dødsens farlege oppgjeret med Drakan og drakehæren hans. Fantasy for mellomtrinnet.
I denne fjerde og siste boka i Skammar-serien kjem Dina og broren Davin tilbake til byen Dunark.
Den vonde fyrsten Drakan har tilrana seg makta her. Drakan er det einaste fullstendig skamlause mennesket Dina har møtt, og tusenvis av menneske har døydd under det brutale overherredømmet hans. Eit opprør mot han må kome, og opprørsleiaren blir halvbror hans, Nico, Dinas venn. Han er den rettmessige arvingen til Dunark, men hatar sverd og kan ikkje drepe. Davin og Dina må hjelpe han, og slik startar Skammarkrigen, det siste dødsens farlege oppgjeret med Drakan og drakehæren hans. Det blir ein krig som ikkje kan vinnast med sverdet aleine.