Året er 1874 og Knut Hansen Nesje arbeider som slåttekar i Reknes-lia utanfor Molde. Han er enkemann på andre året då Serianna brått dukker opp. Ho er ei spesiell kvinne, ho røyker pipe og tar Nesje med seg på seifiske. Snart giftar dei to seg og får barn. Nesje og Serianna lev, som mange andre, eit liv i hardt arbeid. Men stadig fleire sel unna det dei eig for å satse på draumen om Amerika. Etter kvart kjem det brev frå dei som allereie har reist, dei fortel om det nye landet med eit frodig, men også ugjestmildt landskap kor dei byggjer sine gardar. Dette er ei forteljing om arbeid, stoltheit og kjærleik, om å satse og ofre. Knut Hansen Nesje var Edvard Hoem sin oldefar.
«Slåttekar i himmelen» er ein inspirert roman frå forfattaren av «Mors og fars historie». Det er ei forteljing om det nye og det gamle landet, om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vere villig til å satse og om å gjere store offer. Edvard Hoems oldefar heitte Knut Hansen Nesje, men alle kalla han berre Nesje. Forteljinga i romanen begynner utanfor Molde i 1874, der Nesje er slåttekar i Reknes-lia og enkemann på andre året, med ein son å ta seg av. Plutseleg dukkar Serianna opp. Ho røyker pipe og får han med på seifiske, og saman finn dei kjærleiken. Snart er dei gift og får barn. Dei fleste lever eit liv i hardt arbeid, tett på jorden og fjorden. Men ein ny veg er i ferd med å opne seg i desse åra . stadig fleire selg det vesle dei eig og legg ut på den farefulle og eventyrlege reisa til Amerika. Syster til Serianna, Gjertine, drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Brev begynner å komme frå utvandrarane, brev som fortel om ein frodig prærie med blomster i alle fargar, villgjess og pelikanar, men også om eit ugjestmildt landskap med iskalde vintrar, der snøstormane sperrar menneska inne for dagar og veker.