Som i den første boka tek Bly utgangspunkt i ei gammal persisk diktform, henta frå persisk og arabisk tradisjon, ghazalen, og gjennom denne driv Bly sin djupt alvorlege leik med historie og kunst, mytar og religion, liv og død. Enno tydelegare enn i den første samlinga stig også mennesket Robert Bly fram, den aldrande poeten med eit forsonande og til tider muntert blikk på den naturlege døden, men også med glimt av den gamle anti-krigspoeten sin skarpe brodd.
Diktaren tek utgangspunkt i ei gammal persisk diktform, henta frå persisk og arabisk tradisjon, ghazalen. Gjennom denne driv Bly sin djupt alvorlege leik med historie og kunst, mytar og religion, liv og død. Mennesket Robert Bly stig også fram, den aldrande poeten med eit forsonande og til tider muntert blikk på den naturlege døden, men også med glimt av den gamle anti-krigspoeten sin skarpe brodd. Dette er andre boka av Robert Bly gjendikta av Odd Goksøyr. Inneheld eit personleg etterord av Øyvind Vågnes, om eit møte med Robert Bly.