Her er kjærleikstrilogien om Asle og Alida samla mellom to permar. I Andvake (2007) møter vi det unge paret medan dei er i Bjørgvin for å finne arbeid. Det hastar, Alida er gravid og treng sårt ein plass å bu saman med kjærasten. I den andre boka, Olavs draumar (2012), er barnet fødd og paret forlét Bjørgvin. Asle har endra namnet sitt til Olav, og vil tilbake for å kjøpe ei gåve til Alida. Men det går ikkje som han har tenkt seg. I Kveldsvævd (2014) følgjer lesaren dotter deira, Ales, og gjennom ho får vi vite korleis det gjekk med Alida og Asle. Kva for konsekvensar har avgjerdslene deira fått for dei som kom etter? Trilogien er nominert til Nordisk råds litteraturpris 2015.
Endeleg er Jon Fosses kritikarroste og lysande kjærleikstrilogi om Asle og Alida samla i ei bok. Andvake (2007) er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. Huslause og søvnlause vandrar dei i regnet i Bjørgvin. Dei drep for å skapa eit liv for seg sjølv og barnet dei ventar. I Olavs draumar (2012) møter vi Asle på veg for å skaffe ringar. Asle og Alida skal bli ektefolk. I staden endar Asle med å bøte med livet for gjerningane sine. I det siste bandet, Kveldsvævd (2014), får vi vite korleis det gjekk med paret som ofra samvitet for kjærleiken gjennom gamle Ales, dotter til Alida. Vi følgjer Alida og den vesle sonen Sigvald tilbake til Dylgja, staden Asle og Alida ein gong rømte frå.
[programredaksjon: Espen V. Haraldsen ... [et al.]
Bok utgitt 2008
Ledig Ledig eksemplar er ikke til utlån. Ventetid må påberegnes ved bestilling.
(Avd.: Sølvberget, Stavangersamlingen 792.0948 EVE) Ikke til utlån
Husk denne