Hugsar du ungdomsskulen? Det første kysset? Det andre? Hugsar du bølla? Hugsar du at det ikkje alltid gjekk som du håpte? At det som skulle vere spennande, blei frykteleg? Maja startar på ungdomsskulen. Ho drømmar om å vere ei av dei som blir invitert på festar, ei som har drukke både øl og sprit, ei som har hatt sex. Samstundes vil ho òg vere det barnet ho framleis er, bade med bestevenene Pelle og Maria eller berre sitte på rommet å prate. Faren hennar har forsvunne til sjøs, og ingen veit kor han er. Tida går. Og ein eldre gut dukkar opp - Vampyren. Pelle og Maria forsvinn for ei lita stund. Og Maja føler seg aleine. Kvifor er det ingen som ser henne, ingen som bryr seg? «Ungdomsskulen» er ein skildring av dei turbulente åra av liva våre - tenåra. Omtalen er utarbeidet av BS.