Det er natt i Vrimleby, og dyr og menneske søv fredeleg, i alle fall ein del. For det er nokre som er vakne, sjølv om det er natt. Her kan ein sjå kva som skjer i Vrimleby midt på natta, og det er like mange historier, folk og dyr å finne som på dagen. Nokre les til langt på natt, flaggermusa flyg og ein tjuv klatrar inn vindauget. Boka er utan tekst. Sider i kartong. Bilet-/myldrebok for førskolebarn/småskuletrinnet.
Det er natt i Vrimleby. Folk og dyr søv fredeleg, i alle fall somme. Andre er på farten og får med seg spennande saker som lesenatt i biblioteket, jakta på ein tjuv eller parkfesten. Rotraut Susanne Berner fortel om det som rører seg i sommarnatta, alt frå flagrande flaggermus til måneskinsturar og trygge senger.