Stadig fleire oppdagar Færøyane som turdestinasjon. Denne boka kan fungere som reiseguide til dei grøne øyane i havet, men er også meir enn det. Forfattar Ottar Fyllingsnes opnar dører til historie, kultur og kvardag på Færøyane. Han har sett på den felles norsk-færøyske historia for å forstå grunnlaget for og utviklinga av denne mikrostaten vest i havet. Det handlar mellom anna om sjølvstendestriden, krisa i kystfisket, kampen for språket og olsokfeiringa, som også er nasjonaldagen til Færøyane. Lesaren får gjennom møte med folk, kultur og næringsliv eit innblikk i korleis Færøyane er i dag, samstundes som forfattaren trekker linjer i samfunnsutviklinga heilt attende til vikingtida. Omtalen er utarbeida av BS.
Det er noko rart med Færøyane - om lag som med dalen me reiste til i sommarferien som born. Vitjar du øyriket og let det gå nokre år, hugsar du berre strålande solskinsdagar frå dette regnlandet.
Slik skildrar Ottar Fyllingsnes sin fascinasjon for Færøyane, dei gjestmilde øyane langt vest i havet. Saman med fotograf Harald Hognerud opnar han døra på vidt gap til historie, kultur og kvardag i eit samfunn ikkje så ulike Noreg. 18 grøne øyar, med eineståande vakker natur, som stadig fleire turistar finn vegen til.
Med heile 48 kapittel, og mange vakre fotografi, er boka ein kulturhistorisk vegvisar med stor tematisk breidd for den som vil vita meir om ein liten, men spennande øynasjon.