Det står ein måke midt i vegen og lagar kø i Tullevik. Måka vil ikkje flytte seg sjøl om dei vaksne ropar og trailerane tutar. Til slutt er det Mo som får måka til å flytte seg. Mo er veldig forelska i Unn. Han foreslår for Unn at dei skal følgje etter måka. Kan hende det vil skje noko magisk. I alle fall er det fint å gå tur med Unn, sjølv om dei er på veg ein stad dei ikkje har lov å gå. Leseløvene er lette å lese, med korte linjer og stor skrift. Lettlest for småskole-/mellomtrinnet. Omtalen er utarbeida av BS.
. - Lettlest
Ein dag i Tullevik står ein måke midt i vegen og lagar kø. Dei vaksne ropar og trailerane tutar, men det er Mo som til slutt får måken til å flytta seg. Mo er like forelska i Unn som før. Han foreslår for Unn at dei skal følgja etter måken. Kanskje skjer det noko magisk? Iallfall er det fint å gå tur med Unn, sjølv om dei er på veg ein stad dei ikkje har lov å gå.