I løpet av kort tid har Anne Gunn Halvorsen (32) fått to barn, mann og rekkehus. Med andre ord, alt eit vaksenliv fører med seg av gjeld, ansvar og kvardagar. Ein dag ho surfar rundt på internett slår det henne: Ho har brukt langt meir tid på å søke opp kjendisungar, treningsklede og føflekker enn sjølve livet. For kva bør du eigentlig ete, kvar bør du bu, og kva kan du gjere for å leve lengst mogleg? Korleis unngå havarerte ekteskap og altfor høge lån? Denne boka er ein humoristisk introduksjon til vaksenlivet. Halvorsen har brukt eitt år på samlivskurs og finanskonferanse, forskningsrapportar og historiebøker. Alt for å finne svar på dei store spørsmåla om det å vere vaksen. Omtalen er utarbeidd av BS.
«Eg har googla så mykje i mitt liv, barnefødslar, føflekker, tannutvikling hjå spedbarn. Før eg gjekk ut med søppelet, var eg langt nede i det djupe nettet for å finne ut korleis Leah Isadora Behn såg ut akkurat no. Likevel har eg aldri søkt på dette, korleis leve livet.»
På kort tid har Anne Gunn Halvorsen pådrege seg to barn, gjeld, ansvar og eit heilt ordinært vaksenliv. Plutseleg går det opp for henne at ho har brukt meir tid på å søkje opp kjendisar og treningstights enn sjølve livet.
Forfattaren har brukt eit år på å finne ut korleis andre har valt å leve liva sine. For korleis skal du som vaksen unngå å bli skild, sur, utbrend og gjeldsslave? Kva bør du ete, kvar bør du bu, og kva kan du gjere for å unngå å døy? Ho dreg med lesaren på finanskonferanse og samlivskurs, inn i forskingsrapportar, oljesmell og politisk historie. Alt for å skrive ei bok som kan gjere deg klokare - og få deg til å senke skuldrene, litt.