Denne diktsamlinga skildrar mellom anna korleis det kjennest å leve i starten av eit tusenår, på kanten av samanbrot og subjektivitet. Lesaren blir kasta hovudstups inn i apokalypsen gjennom dikta som uttrykkjer avmakt, resignasjon, krise- og katastrofekjensle. Boka er gjendikta av Erlend O. Nødtvedt og Britt Kristin Ese. Omtalen er utarbeidd av BS.
Dikt 2014 handlar om å vere i live i byrjinga av eit nytt tusenår, på kanten av samfunnsmessig og økologisk katastrofe. I eit direkte biletspråk og med ein fandienivoldsk tone, tek Ørntoft lesaren med gjennom eit marerittaktig poetisk landskap som både skremmer, fascinerer og provoserer.