I Heimestell samla og formulerte Hulda Garborg eit matstell som ho meinte var til glede for folk og godt for landet. Dette var boka ho sjølv hadde sakna då ho var nygift og fekk ansvaret for å stelle heime. Det er både ei kokebok og ei lærebok i hygiene og sunt og rett husstell. Garborg legg særleg vekt på tradisjonell bondekost og sunn landsens husskikk. Etterord av Arnhild Skre. Boka blei publisert for første gong i 1899. Omtalen er utarbeidd av BS.
Hulda Garborg har i Heimestell samla og formulerte eit matstell som ho meinte var til glede for folk og godt for landet. Ho brukte bygdeidentiteten som eit retorisk grep for å selja inn radikale utopiske tankar. Stoltheita over bygdekunnskapen og glede, openheit og stoltheit over si breie internasjonale danning var to tankar som gjekk saman hos henne. Denne vidsynte Hulda-miksen kan framleis stimulera nye idear om kva som er mattradisjonen vår, og inspirera til open gastronomisk fornying av vår nasjonale kost. (Frå Arnhild Skre sitt etterord.)