Under føtene våre ligg jorda med eit enormt, rikt og mangfaldig liv. I ei skei med matjord kan det finnast ein trillion levande organismar. I denne boka kan vi lese om vesen med eineståande evner og eigenskapar, dei minste er titusendelar av ein millimeter, dei største fleire kvadratkilometer store. Dei er alle del av eit ekstremt intelligent økologisk samspel som er avgjerande for livet på planeten. «Jordboka» inneheld historier om menneske og jord, om samspel og øydelegging. I boka møter vi bønder som verken pløyer, gjødslar, sprøytar eller lukar, og elles ei rekke nye idear og praksisar som kan endra både matproduksjon og mennesket sitt forhold til naturen for all framtid. Forfattaren forklarar også korleis kvar enkelt av oss kan ta del i dette. Boka har ei populærvitskapleg vinkling og er skrive for eit breitt publikum. Dag Jørund Lønning er professor dr. philos ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Omtalen er utarbeidd av BS.
mold kan vera den billegaste og beste løysinga på klimautfordringane?
•den aller mest avanserte teknologien for effektiv matproduksjon finst i molda allereie, og er gratis og fritt tilgjengeleg for den som evnar å ta den i bruk?
•verdas kanskje mest økonomisk produktive bønder verken pløyer, gjødslar, sprøytar eller lukar?
•mold er det einaste guddommelege stoffet på planeten?
•det er vanleg i store delar av verda å eta mold?
•det største vesenet som nokon gong har levd på jorda finst nede i molda enno – er tusenvis av år gamal og fleire kvadratkilometer stor?
•Karl Marx ikkje grov djupt nok?
•me står framfor ein ny grøn revolusjon, som kan endra matproduksjonen og mennesket sitt forhold til naturen for all framtid?