På slutten av 1930-talet sende Olav H. Hauge inn eit manus med tittelen 'Seljefløyta' til Norli forlag. Manuset blei refusert, men fleire av dikta blei seinare publiserte i ulike tidsskrift og aviser. Då Hauge debuterte med 'Glør i oska' i 1946 var nokre få av dikta frå dette manuset med. I denne boka er 24 dikt frå det opphavelege manuset henta fram, i tillegg til einskilde dikt som Hauge skreiv mellom 1940-1979. Det er første gong dette materialet blir samla i bokform. Utvalet er redigert av Bodil Cappelen. Omtalen er utarbeidd av BS