Handlinga i boka er lagt til ei bygd på Vestlandet, men det er ikkje landsidyll vi møter. Marit er 13 år, og far hennar arbeidar på oljeplattform. Det er store problem mellom foreldra, og ein dag blir det eit kraftig oppgjer mellom dei. Marit rømer, til bestefar og tante på Støa. Forfattaren fortel overbevisande og detaljert om ei Vestlandsbygd i moderne tid, og om konfliktane som oppstår.