Ein arbeidar vart oppsagt ein dag før prøvetida var over. Bedrifta hadde ikkje grunn for oppseiinga. Heile avdelinga sette seg spontant i sympati for den oppsagdt. Dei som gjekk til sympatistreik fekk sparken. Dette var opptakten til konflikten ved Verket, ein konflikt som delte arbeidsstokken i to leirar. Seinare har han vorte landskjend og engasjert fleire og fleire menneske. Kva var bakgrunnen for han? Korleis utvikla han seg? Romanen om desse hendingane bygger på noko som gjekk føre seg i Stavanger i 1975, men konflikten er ikkje spesiell for oljedistriktet, han er å finne i dei fleste land i Europa. Boka viser korleis kampen mellom proletariat og borgarskap ter seg i dag.