Då boka kom ut i 1945, vart ho først og fremst lese som eit fortetta uttrykk for nordmenns oppleving av okkupasjonen. Etter kvart har romanen endra karakter. Han har vorte ei allegorisk skildring av menneskets kamp mot undertrykking og vald, gyldig til alle tider. Fienden er inga bestemt krigsmakt, han er berre det onde i tilveret, den upersonlege ondskapen.