Om å bli overvelda av sjølve livet Ho, vårt eitt og alt, var blitt annleis. Tynnare i ansiktet, heile kroppen var tynnare, lengre. Og med ein moderne og svart rett og vid lang frakk som ho aldri tok av seg, gjekk med både ute og inne, i byen og skogen, alltid med hendene nedi dei store lommene, som om hendene var sydde fast inni der. Hadde ho blitt til ein fugl? Eller var det berre det at ho hadde blitt vaksen? Mari er 30. Ho har tilsynelatande alt på stell. Likevel flyttar ho inn i kjellarleilegheita til foreldra etter studietida. Er livet blitt for mykje for henne? Er det tida som ikkje strekk til? Er det strevet etter perfeksjon eller er det ei manglande evne til å finne jamvekt i livet? Vår vesle er ein roman om å flytte heim, starte på nytt og om saknet etter det som aldri blei noko av.
I denne romanen møter vi Mari, 30 år gamal og nyleg heimflytta til foreldranes sokkelleilegheit. Lesaren får sjå ho gjennom blikket til foreldra, ein gamal skulekamerat og ei avdød bestemor, som våkar over Mari frå den andre sida. Mari har tilsynelatande alt som skal til for å lykkast: økonomisk stabilitet, ei god utdanning og eit godt nettverk. Kva har skjedd i livet hennar som gjer det for vanskeleg å komme seg vidare? Romanen er ei forteljing om stillstand, å byrje på nytt, og å sakne draumar som aldri blei verkelege.