«Fløgstad verk» gir ei samla framstilling av Kjartan Fløgstads meir enn 50 bøker sidan debuten i 1968. Boka gir den mest omfattande analysen som er gjort av Fløgstads mangfaldige og spenningsfylte forfattarskap. Forfattaren oppsøker grunnlaget for Fløgstads forfattarskap i Sauda og Ryfylke og følgjer linjene til verda utanfor. Synspunkt frå samtalar med Fløgstad er fletta inn i framstillinga. «Fløgstad verk» er delt inn i avdelingar som følgjer skriftprosessane og produksjonslinjene fram til i dag. Avdelingane spenner frå Danning og Etablering på 1960- og 1970-talet, via Produksjon og Kommunikasjon på 1970- og 1980-talet og fram til Distribusjon og Arkiv på 1990- og 2000-talet. Avdelinga for Sluttoppgjer samlar trådane og gjer nedslag i nokre av dei hardaste kulturdebattane i nyare tid. «Fløgstad verk» er ein forfattarskapsstudie, men kan også lesast som eit stykke litteraturhistorie frå nyare tid. Boka er skriven for alle som har lese eller kjenner til forfattaren Fløgstad, og som vil vite meir om konfliktlinjene i nyare norsk litteratur, kultur og samfunn.
Boka gir ei særs omfattande framstilling av Kjartan Fløgstads forfattarskap frå debuten i tidsskriftet Vinduet i 1967, til utgivinga av Sandharpesongar (2018). Boka legg vekt på Fløgstads skjønnlitterære produksjon. Kapitla er organisert både etter kronologi og tematikk. Ein kan lese boka som ein skriftbiografi, skriv forfattar og professor Heming H. Gudjord ved Universitetet i Bergen. Her kan lesaren følgje Fløgstads produksjon frå hans fyrste trykte dikt, til klasse-debatten med Edouard Louis. Gjennom å følgje den mangslungne karrieren til Fløgstad, får lesaren og eit innblikk i nokre av dei sentrale konfliktlinene innan kultur og litteratur som har prega debatten i Noreg dei siste tiåra. Omtalen er utarbeidd av BS.