Om å finne seg sjølv, både åleine og saman med andre. Det er tre menn i Håkons liv. Det lange forholdet til Arve er trygt og velkjent, men dei siste åra har Arve blitt meir og meir dominerande. Stig er målretta og trygg på seg sjølv, og han inkluderer Håkon i draumane om rekkehus og eit ukomplisert A4-liv. Thomas har svarte krøller og eit smil som får Håkon til å miste pusten når dei møtest til tilfeldig sex ein ettermiddag i januar. Resten av året blir langt ifrå slik som Håkon har sett føre seg. Håkon er ei moderne kjærleikshistorie om å vere i starten av 30-åra og ikkje ha funne plassen sin i livet, verken åleine eller saman med andre.
Håkon har tre menn i livet sitt. Forholdet til Arve har vart lenge, det er trygt og kjent. Men Arve blir stadig meir dominerande. Stig er trygg på seg sjølv og har plass til Håkon i framtidsdraumane om rekkehus og A4-liv. Medan Thomas med dei svarte krøllane har eit smil som gjer at Håkon mistar pusten når dei møtest for tilfeldig sex ein ettermiddag. Uansett blir ikkje resten av året slik Håkon har tenkt at det skulle bli. «Håkon» er ei moderne kjærleikshistorie, ei skildring av det å vere vaksen og ikkje ha funne plassen sin i livet, verken åleine eller saman med andre. Dette er Åsmund H. Eikenes si første bok.