Etter å ha budd tretti år i Oslo vaknar Hallgeir Opedal ein dag og bestemmer seg for å gå heim til Odda, der han kjem frå. Det blir ein tur langs E134, frå leilegheita på Oslos vestkant til barndomsheimen i Odda. Forfattaren lagar seg eit sett med reglar for turen, mellom anna at han skal snakke med alle han møter, og ikkje vere redd for omvegar. Dei fører også heim. På vegen vestover filosoferer han over fenomenet heim. Kva er det eigentleg? Ein stad? Ei kjensle? Er det berre glør av nostalgi? Opedal går ikkje berre tilbake der han kom frå, men også til fortida og røtene. Kvifor blei akkurat Odda heimen hans? Og er eigentleg Odda framleis heim? Undervegs møter han folk - og ikkje minst seg sjølv - og skildrar møta med humor, varme og sjølvironi.
Hallgeir Opedal har budd tretti år i Oslo då han bestemmer seg for å gå til heimstaden Odda. Han lagar eit sett med reglar for ferda, mellom anna å ikkje vere redd for omvegar, og at han skal snakke med alle han møter. Undervegs filosoferer han over fenomenet heim. Er det ein fysisk stad? Ei kjensle? Eller berre glør av nostalgi? Turen blir ikkje berre ei reise til der han kjem frå, men også til fortida og røtene. Kva gjorde at nettopp Odda blei heimen hans? Og kan han framleis kalle Odda heime? Med humor og sjølvironi skildrar Opedal turen vestover og alle han møter på vegen. Omtalen er utarbeidd av BS.