Dette er eit utval dikt av Ulf Karl Olov Nilsson, også kalla UKON. Utvalet er hovudsakleg frå midten av forfattarskapen, med tyngdepunkt i «Stammar» (2002). Boka inneheld også nokre nyare dikt. Dikta ber mellom anna preg av Nilssons røynsle som psykolog og psykoanalytikar. Ulf Karl Olov Nilsson har vunne ei rekkje prisar for utgjevingane sine, mellom anna Guldprisen i 2012 og Nöjesguidens pris för Bästa läsning. Omtalen er utarbeidd av BS.