Heimar og folk i Vikedal er ei busetnadssoge i to band. Busetnadssoga handlar om folket som har budd i Vikedal, heilt frå gamal tid og fram til notida. Bøkene fortel om levekåra på gardane, bruka og husmannsplassa, med vekt på einskildmenneska i bygda. Osen-bandet dekkjer gardane i og ved Vikedalsosen (gardsnummer 43 og 65 68) og Hogganvik (gardsnummer 69). Det andre bandet dekkjer grendene Midtbygda (gardsnummer 44 50 og 59 64) og Fjellgardane (gardsnummer 51 58).