Forfatteren kallar sjølv novellene for "bryggehistorier", og det er her dei går for seg, i sjøkanten, i den vesle kystbyen, og mest nede på kaia. Der er leikeplassen for gutane, sidan arbeidsplassen, og møteplassen i fritida. Der blir historier fortalde og nyhende og sladder ført vidare. Det handlar om oppvekst, om å vere barn, gutunge, og om å bli vaksen i eit slikt kystsamfunn ein gong for nokre tiår sidan, i 50- og 60-åra.