Boka er skriven som ein lettlesen, historisk roman for eldre. Historia er enklare å følgje enn i mange andre bøker, og ho er ein del av Leser søker bok-prosjektet. Forteljinga er basert på livet til musikaren Karl Gustav Karlsen Korsnes, som levde frå 1883 til 1942. Han vaks opp på garden Korsneset i Tafjordfjella, utan straum og innlagt vatn, med skrinn jord og magre dyr. Musikken blir ein av få plassar der Karl Gustav kan finne fridom og glede. Han får etter kvart plass i kongens garde i Kristiania, men han vert kalla heim til garden når eldstebroren seier frå seg odelen, og han giftar seg med ungdomskjærasten Anne Sofie. Det er kjærleiken til musikken som er den raude tråden i denne forteljinga. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Tilrettelagt enkel tekst