Det er ikkje berre kelneren som melder si interesse for Maria Langevik der ho freidig rører seg over sidene i denne kriminelle heltesoga frå fjordane i vest. Men ikkje alle er kalla til det same. Her gjeld det å ta imot dei levande motseiingane i mennesket så vel som i den blanke fjorden. Dei som ikkje gjer det, og dei som vil kua det nakne livet, går det dårleg med.