Forlaget skriver om denne boka:
Hans Hyldbakk (1898-2001) har eit mangfaldig og stort forfattarskap bak seg, både i dikt og prosa. I denne lydboka møter vi Hans Hyldbakk sjølv som i sitt nittiåttende år las eigne dikt saman med Alf Ramsøy og Holger Skei.
Henning Sommerro har tonesett Vårsøg og mange andre Hyldbakk-dikt, og gjeve sambygdingen eit stort publikum.
Her helsar han saman med Jon Pål Inderberg, "Kleivakongen" med vakre tonar - somme velkjente og somme heilt nye.
" Mange av dikta til Hyldbakk har eit djupt menneskeleg innhald og slåande biletsamanstillingar, som det kanskje beste av dei alle: E slåttatæja. Hans Hyldbakk hører heime i same andedraget som Jakob Sande. Han er ein av songarane i det norske landskapet."