Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen
Omslagsbilde
""
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
2020 . - Bok . - 316 sider
Nynorsk
Opplysninger:
I takt med eit auka fokus på globalisering, har ulike variantar av globalhistorie også sett sitt preg på historiefaget og historieskriving. Denne forskinga er ofte tverrfagleg, spenner gjerne over fleire historiske periodar og har frå eit utgangspunkt i økonomisk og politisk historie i løpet av det siste tiåret i større grad femna om kulturhistoriske emne. Ei slik perspektivutviding har utvilsamt representert ein vekkjar for eit historiefag som tradisjonelt har vore sterkt knytt til det nasjonale - og for så vidt også til det europeiske. Tilnærminga føyer seg inn under det som gjerne blir kalla «komparativ verdshistorie». I diskusjonen om globalhistoriske tilnærmingar blir denne ofte sett i motsetnad til «globalhistorie» - med den grunnleggjande skilnaden at «globalhistorie» først og fremst er oppteken med global utveksling og dialog. Sjølv om skiljet mellom tilnærmingane er overdrive, er det likevel slik at vekta på samanlikning skil tilnærmingane frå kvarandre. I ei syntetiserande framstilling vil synleggjering av likskapar og skilnader vere heilt grunnleggjande, men utan at dette treng å gå fullstendig på kostnad av eit fokus på global utveksling. Heile det første kapittelet tek i så måte opp både det kommunikative grunnlaget (framveksten av skriftkulturar) og ulike former for global utveksling - økonomisk i form av handelsnettverk og kulturelt i form av reisandes møter med andre kulturar. Ei verd i endring er den første syntetiserande framstillinga på norsk som tek opp globalhistorie i perioden frå kring 500 til 1500.
Hylleplass:
909.07 MEL
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse

NrAvdelingBindPlasseringNoteStatusHylle
1Sølvberget, 4. etasje FagbøkerPå hylla 909.07 MEL
Tradisjonelt sett har historiefaga stort sett vore knytta til det nasjonale, og ofte også det europeiske. Men den seinare tidas globalisering har leia til at globalhistorie har sete sitt preg på historieskrivinga. Eit utvida perspektiv har ført med seg forsking som er meir tverrfagleg, spenner over fleire historiske periodar og famnar om kulturhistoriske emne i høgare grad.
Dette føyer seg inn under det ein kallar komparativ verdshistorie, som ofte blir sete i motsetnad til globalhistorie. Globalhistorie er først og fremst oppteken med global utveksling og dialog. Denne boka tek opp globalhistorie i perioden frå kring år 500 til 1500. Omtalen er utarbeidd av BS.

Gjennom utbygging av kommunikasjonar blir verda ført saman på nye måter. Silkevegen, eit nettverk av vegar mellom Kina i aust og Europa i vest, frakta ikkje berre handelsvarer, men òg teknologi, kultur, epidemiar og religionar. Buddhismen kan takke Silkevegen for den raske spreiinga frå sitt indiske opphav og austover til Kina, medan papir og prent reiste andre vegen - frå Kina innom den islamske verda og til Europa. Ved å ta tak i seks emne - kommunikasjon, økonomi, religion, stats- og imperiedanning, urbanisering og lærdom - diskuterer Melve eit knippe grunnleggjande og samanvovde endringar som gjorde verda kring 1500 heilt ulik den verda som møter oss rundt 500. Dette er den første framstillinga på norsk som diskuterer mellomalderen i ljos av tankar og teoriar om globalisering. Omtalen er utarbeidd av forlaget.

Historie : historieskriving frå antikken til i dag


av Leidulf Melve
Bok utgitt 2010
Ingen ledig (Avd.: Sølvberget, 4. etasje 907.2 MEL)
Bestill Husk denne

Hva er globalhistorie


av Leidulf Melve (Leidulf Melve og Eivind Heldaas Seland)
Bok utgitt 2021
Ledig (Avd.: Sølvberget, 4. etasje - Plassering: Fagbøker 909 MEL)
Bestill Husk denne

Hva er middelalderen


av Leidulf Melve
Bok utgitt 2016
Ledig (Avd.: Sølvberget, Magasin U2 909.07 MEL)
Bestill Husk denne

Ei verd i endring : den globale mellomalderen


av Leidulf Melve
Bok utgitt 2020
Ledig (Avd.: Sølvberget, 4. etasje - Plassering: Fagbøker 909.07 MEL)
Bestill Husk denne
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Ei verd i endring : den globale
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom