Marian Leatherby er 92 år gamal og bur i Mexico med sonen, svigerdottera og barnebarnet sitt. Når den tunghøyrde kvinna får ein høyrelur i gåve oppdagar ho at familien skal tvinge ho på pleiehjem. Der blir ho dradd inn i ein verden av forunderlege og etter kvart farlege hendingar. I matsalen blir ho blunka til av eit mystisk maleri, og ei gammal bok tar ho med fleire hundre år tilbake i tid. “The Hearing Trumpet” er ein surrealistisk og satirisk roman frå 1974 med temaer om feminisme og økologi. Denne utgåva har etterord av Susanne Christensen. Omtalen er utarbeidd av BS.