-
Dette er eit blogginnlegg av ei bok, utan skikkeleg kjeldeliste og med enorme mengder av forfattaren sine meiningar. Første halvdel av boka presenterer kun meiningane til forfattaren utan grunngjeving eller kjeldeliste. Her vert det forventa at dei enkle sjelene som tykkjer om Hr. Andersen berre skal godta påstandane hans.
Det som er nytta av “fakta”, altså ikkje openberre løgner, er vald ut for å bygge opp rundt meiningane til “forfattaren”. Openberre, dokumenterte samanhengar og hendingar som bryt med, eller kunne gitt nyansar er utelatne eller tona kraftig ned.
Det er ei bok utan substans eller verdi. For å forstå samfunn, energi, klima og politikken kring dette tilrår eg mest kva som helst av andre kjelder.
At denne boka er definert som sakprosa tykkjer eg er rart då den ligg nærare dystopisk fiksjon.
21.04.2023, 22:52 Arve B, 43
Rapportér