Gjennom tilbakeskodande sveip får lesaren innblikk i endringar, i eit sjølv, i ei tid og i naturen som omgir oss. Her er livslinjer som kryssar kvarandre, men som ikkje alltid møtest, lik linjene i horisonten som heile tida peiker mot noko anna, fortidig eller framtidig. Dikta i «Vegemot» handlar om å kjenne seg heime i eit landskap, utan at alt er falle på plass i livet. Om ein lengt som enno finst, og eit eg som framleis kliv, søkande og på leit, mot himmelbrynet, lik den vemodige låten av heiloa over levetidslandskapet.