Med 'Denne trongen til å reise langt' fullfører Ura forlag arbeidet med å presentere det meste av den seine produksjonen til Robert Bly. I denne samlinga strekkjer Bly trådane tilbake til dei tidlegaste dikta, inspirerte av kinesiske førebilete, enkle i forma. Denne boka inneheld både originaltekstene og gjendiktingane. Odd Goksøyr har også skrive eit essay omkring arbeidet med å gjendikte desse fire bøkene.