Ein gong var det langstrekte landet vårt fylt av trollkoner og troll-karar som skapte ugagn! Trolldom stod nært kvar og ein, og nåde den som rauk uklar med ein slik person. Då vart det fort bålbrenning med menneske som garnityr! Men alle trong også hjelp frå hekser & trollmenn. Anten med god avling, eller for å verta friske frå sjukdom. Å gå til legen for å verta frisk var å setja livet på spel, men ei gamal klok kone kunne du alltids setja fyr på om du ikkje vart frisk. Mellom desse permane finn du fire historier som i alle fall vil gjera deg ein smule forheksa. Teikneserie for ungdomstrinnet.