Forlaget skriver om denne boka:
Samtid II er framhald av memoarboka "Samtid" som kom ut i 1973, og den tek til 9. april 1940. I boka fortel Olav Dalgard om liv og tilhøve under første okkupasjonsåra, og om opphaldet på Grini og Kvenangfjellet, og i Sachsenhausen konsentrasjonsleir i 1942-45. Den handlar og om etterkrigsproblem av psykisk, sosial og kunstnarleg art som forfattaren har vore opptatt av. Det gjeld i første rekke arbeidet ved Det Norske Teatret og vanskane som norsk filmproduksjon stridde med i etterkrigsåra. Eit kapittel er vigd "Folketeatret som kom og gjekk", og årsakene til at dette teatret så snøgt gjekk i stå. Elles fortel forfattaren om sitt arbeid med "Folkekunst, og kunst for folket", om sitt liv mellom bøker og om bokkritikk, om reiser i Sovjet, Tyskland og Hellas, og om det politiske klima etter krigen, særleg slik dette har gitt seg uttrykk hos den unge revolusjonære ættleden. Til slutt gjer Olav Dalgard greie for si humanetiske "tru", og for si tru på det kommande "sosiale menneske".